Work Text:
Det er lurt å fortelje ei kvit løgn nokon gongar.
Det er lurt å fortelje ei kvit løgn nokon gongar. Det er ein konklusjon som Data has kjemt fram til etter å ha levd 6 år på eit stjerneskip fult med menneska. I utgangspunktet, er han programmert til å vore heilt ærleg, men han har opplevd at det har ikkje alltid enda med ein positiv resultat.
Eit godt døme på det, er den eine gongen mannskapet feira bursdagen til skipets rådgjevar. Alle ledande tilsette var til stades, og feiringa tok plass i skipets bar; Ten Forward. Den blei transformera til eit livleg sted, med masse mat, musikk og prat. Fyrstestyrmannen Riker kjem opp på scena med trombonen sin, og spela med eit jazz band. Sjeflega Beverly satt og snakka med kapteinen Picard, og Løytenant Worf satt på ein stol og drakk sviskejuice.
Deanna hadde på ein fin gul kjole, som gjekk heilt ned til golvet. Den var også off-shoulder, med litt gjennomsiktige erme. Ho hadde sjølv valt den, og berra fik komplimentar frå dei andre. Det var heilt til ho og Data enda opp å snakka saman. Data kjem med ein gåve for ho, og det skapa ein samtale mellom dykk.
«Gratulerer med bursdagen, Deanna.» Han sa, med sin vanlege og monotonne stemme. Viss det er noko han har lært gjennom sitt vennskap med Deanna, så er det at ho likar ikkje å bli kalt «Rådgjevar» eller «Kapteinløyant Troi» i fritia si.
«Tusen takk, Data!» Ho sei, og smilte. Ho tokk imot gåva, og opna den. Det var ein autentisk og fysisk kopi av boka «Lonesome Dove».
«Neimen!» Ho blei overlykkeleg, og spurde han «er det ein av de fyrste som blei printa ut?»
«Ja. Meir spesifikt, er dette den 9 som var printa ut.» Data utbroyt. Viss Data hadde hatt kjensla, hadde Deanna sagt at han var stolt. Dykk snakka saman for ein god stund, og tema skiftet til sjølve festen.
«Eg må sei, eg hadde ikkje planlagt å gjera noko spesiell for bursdagen min, men Will fekk meg til å organisera denne festa. Han og Guinan hjelp å rigga opp til i baren.» Deanna holt eit glas med sjampanje, og drakk litt frå det. Data kunne drikka også, men han kunna ikkje smaka det. Han kunne berra analysere kva drikka innehalde.
«Kommandør Riker er kjent for hans…livlege personlegdom. Eg er ikkje overraska over det.» Data svarte.
«Han ga meg denne kjolen for bursdagen min. Eg trudde at den kjem til å vera eit fint val for festen. Kan du tru at han har bestilt den heilt frå Betazed? I tillegg, han fekk den til å bli skreddarsytt for meg! Kva synast du?» Ho sei, og gjorde ein liten spinn for å visa den fram. Håret hennar var laus, og krøllane hennar var ikkje retta i dag. Deanna sitt hår er nesten alltid retta til ein viss grad i laupet av jobbdagen hennar. Ho har ikkje alltid tid på morgon for å fikse dem, og dermed er det lettast å berra rette dem. I dag, hadde ho brukt mykje tid på å få dem til å sjå pene ut.
«Rådgjevar, kan eg vera ærleg med deg?» Data spurte.
«Sei du at du er ikkje alltid ærleg med meg?» Ho sa mens ho flirte.
«Nei, eg er ærleg. Eg har bera observert at det er noko menneska seier før dei uttrykkar sin meining på ein enkel sag.» Han prøvde å høyre høfleg ut.
«Eg skjønte det Data. Det var ein vits»
«Åja. Tilbake til kva eg sa. Gul er ikkje ein farge som passar deg. Din hudfarge er litt bleikare ein varmare, og dermed passar ikkje varme fargar på deg. Rød kan vera eit unntak på dei, men da må dei vera meir grå-aktig magenta på kleda di. Både gul, oransje og grøn er fargar du burde unngå, imens blå, lilla og rosa er fargar som passer utsjånaden din.» Han sa, og han sin stemme hadde det sama lidenskap som når han diskuterer Warp-Teknologi med Geordi.
Stillheit falle over samtalen, og Deanna so nesten såret ut. Ho pusta djupt inn, og prøvde å høyre normal ut.
«Vel, eg tar det i bakhovud mitt.» Ho sa, og storma vekk frå han.
Data forstå ikkje kva han gjorde galt. Ho spurde jo om han sin meining, og han gav den. Eit av han sine kjerneverdiar var å vera heilt ærleg. Det var ein del av det etiske programvare han har vorte skapt med.
Neste dag, etter at Data blei ferdig med jobbdagen sin, satt han og spelte sjakk med Geordi i dykk sin delte kvartal. Det har blitt ein del av dykk sin daglege rutine. Sjølv om det var sjeldan at Geordi vinnar med Data, så likte han den utfordringa han fekk. I tillegg, så pleia dei å ha ganske interessante samtalar i mens dei spela.
«Eg møtte rådgjevar Troi i turbo-liften i dag morgon.» Geordi fortalde, og bevega på ein av brikkene. «Du rota det til i går, skal eg vera ærleg.»
«Eg feilar med å forstå kva det er eg gjorde galt. Ho spurte om min meining, og eg gav den til ho.» Data sa, og flyttet på en annan brikke. «Sjakk.»
«Du var ærleg, greitt?» Geordi pusta ut, og prøvde å kjemme seg ut frå sjakken. «Men deg er ikkje alltid det er lurt å vera ærleg, skjønnar du.»
Data bevegde haudet sitt til sidan kjapt, som signaliserta at han forsto ikkje kva han meinte.
«Du ser, nokon gongar så vil ikkje me menneska at du skal vera heilt ærleg. Når noko har vore spent om ein ting, kan ein fullstendeg motsett meining ødelegga heile gleden. Som du veit, me menneska er veldig glad med å vera…. Glad. Dermed når sjansja blei ødelagdt, så bli me ekstra trist.» Han signaliserte til Data at han var ferdig med sitt trekk. Det var sjendent at Data blei distrahert.
«Ah…» Data bevegde kjapt med øynane, som betydde at han leta etter informasjon. «Kva er det eg burde gjera i en situasjon som det?»
«Vel, me menneska kaller det for ein «Kvit Løgn». Det betyr at me sei ein løgn for å gjera den andre glad. Den skadar ikkje, og er ikkje like seriøs som ein vanleg ljygn. Den sparar vonde meininger, og hjelper oss å beholde gleden.» Geordi prøve å forklare den på ein relativ forstårleg måta. Data er smart, men nokon gongar kan han lett misforstå.
«Åja…Så i ein slik situasjon eg burde ha sagt at eg syntas at kjola såg fin ut.»
«Ja.» Han sa. «Og viss du strever med å si ein kvit løgn, kan du alltid komplimentere noko annet. Eit døme på det kan vera å komplimentere stilen til kjolen. Ho spurde aldri om fargen var fin, men om kjolen generelt. Du kunne ha sagt at den er fint sydd til preposisjonane hennar, eller at den såg fint ut med håret hennar laust.» Geordi kjem med eit døme.
«Rådgjevar Troi sitt hår vaar veldig pent igår… eg kunne ha komplimentert det.» Data sei imens han bevegda på ein brikke. «Sjakk matt.»
Geordi forventa at dette skulle skje tiligare eller seinare i kveld, og reiste seg opp.
«Vel Data, det begynnar å bli seint og eg burde gå og sova1. Vi dokkar ved Stjernebase 67 imorgon, og skal ta opp ny personell. Eg må gi ein kort opplæring på kva-liggar-kor på eit 4galakse-klasse stjerneskip, og demed må eg jobba overtid imorgon. Eg sei du burde gå å besøkja Troi og sei unnskyld.» Han klappa Data på skulderen, og gjekk mot badet.
Data satt i stolen for eit godt minutt og kontemplerte kva Geordi hadde fortalt han. Dermed, sto han opp, og gjekk ut døra. Han gjekk bort til nermste turbo-lift, og tok den til dekk 9. Det tok han et par korte minutter å komme seg til Deanna’s rom, og når han kjem fram, så ringde han på døra.
«Kom inn!» Ein kvinneleg stemme kunne høyres frå inni i kvartale, og Data gjekk frem. Deanna sat på sofaen med ein kopp te, og les boka som han gav ho til bursdagen hennar. «Kva kan eg hjelpe deg med?» Ho sa, og høytes litt fortapt ut.
«Deanna, eg vil beklaga for min oppførsel i gårsdag. Eg meinte ikkje å skade kjensla dine- eg ville berra være ærleg. Eg forstår det var ikkje det mest… logiske å gjera i en slik situasjon. Eg håpar at eg øydeleggja ikkje bursdagen din.» Han sa, og såg til sida.
Deanna var litt overraska over at han kom og sei unnskyld. Det var ikkje det typiske for Data å gjerra.
«Vel, det var uventet at du kjem og beklagar, men, eg er glad du gjerra det.» Ho smilte, og det føltes nesten som at ein vekt kjem vekk frå ho.
«Eg forstår at sosiale situasjonar kan vera vanskelege for deg.» Ho forsatte. «Eg også veit du meinte ikkje det du seia på ein dårleg måte, men det gjorde meg forsatt lei meg.»
Data nikket med hodet.
«Viss du vil, kan me kanskje møtes på ein ukentleg basis, og me kan snakka saman om kordan du kan unngå slika situasjonar. Eg er jo ikkje skipets rådgjevar for ingenting, ikkje sant?» Ho smilte til han, og spurde om han ville sette seg ned. Data takket ja, og satt seg ved sidan av ho.
«Det ville vore akseptabelt.» Han sag.
«Eg er glad til å høyre det. Vil du ha ein kopp te?» Ho spurde. Data skulle til å takka nei, men han tenkte at det er jo kanskje ein ting han kunne gjerra. Ikkje for han, men for ho.
«Ja takk.»
Selvfølgeleg, Data begynte ikkje å fortelle kvite løgnar med ein gong. Det tok han tid å bli van til det, og the tok mange fleir like situasjonar før han mestret det. Men med hjelp av både Deanna og Geordi, så tok han eit steg nærmere sitt mål om å vera meir menneskeleg.
